søndag 30. august 2009

Hold FrP unna arvesølvet!


Omsider har FrP lagt fram 100-dagersprogrammet sitt. Det er ganske skremmende lesing. 100 dager er ikke så lenge, men FrP kan klare å gjøre uopprettelig skade som vil ramme framtidig velferd for generasjoner av nordmenn. FrP syns nemlig det haster fryktelig med å få solgt statens eierandeler i selskaper som Statkraft og Statoil. FrP er mørkeblått og vil gjerne privatisere fellesskapets ressurser. Det er det noen som tjener store penger på, men de aller fleste taper på FrP sin politikk.


I disse valgkamptider er det massevis av knalldyktige SUere som er ute i skoledebatter, som står på stand og prater med folk, som diskuterer i kantina på skolen og som skriver leserinnlegg i avisene. Mye av det er så bra, at jeg syns det fortjener en liten plass på bloggen. Legger derfor ut fylkesleder i Sogn og Fjordane, Albert Øydvin, sitt innlegg om statlig eierskap som sto på trykk i Sogn Avis i uka som gikk. Stå på Albert, og alle dere andre!



Folket si setelpresse


Torsdag 20. august var det ein debatt om statleg eigarskap på NRK mellom Høgre og Arbeidarpartiet. Det var eit merkeleg oppsett då Ap og Høgre har vore mykje einige på dette området sidan 90-talet. Dei stod mellom anna saman om å delprivatisera Statoil. Det einaste klåre alternativet på statleg eigarskap til høgresida på Stortinget er SV. Ei stemme til SV er ei stemme til ei velsmurd setelpressa for fellesskapet.


Kvifor statleg? Statleg eigarskap er som ei stor setelpresse for fellesskapet. Storbritannia fann olje på nesten same tid som Noreg. Der Storbritannia privatiserte gjekk Noreg inn med eit sterkt statleg eigarskap. I dag er Noreg eitt av dei rikaste landa i verda samstundes som Storbritannia sakkar stadig lengre akterut. Maktutgreiinga 2003 konkluderte med at konkurranseutsetjing og privatisering gjer ting dårlegare og dyrare. De større statleg eigarskap me har i dei store næringane, de fleire millionar kan me dytta inn i skulen, helsevesenet og fellesskapet generelt. Høgre har eit ideologisk ynske om å svekkja fellesskapet. Det er ikkje mogleg for meg å forstå korleis ein kan ville ta pengar frå fellesskapet for å putta det i lomma på rike utanlandske eigarar. Det statlege eigarskapet sikrar også høge løningar for vanlege nordmenn og å ynskje å svekkja dette er særs dårleg og usosial politikk.


Reiskap for styring: Det statlege eigarskapet gjer oss ikkje berre eit betre løna og tryggare land, det gjer oss også høve til å styra utviklinga på ein heilt anna måte enn andre land. Endrar verda seg kan me snøgt flytta ressursar og kunnskap til nye viktige område og er soleis meir dynamiske og effektive enn andre land. Dette er grunnen til at finansminister Kristin Halvorsen (SV) har klart å stogga finanskrisa og at Noreg står som ei roleg øy i ein brølande storm. Det er også grunnen til at me snøgt bygde kompetanse på først vasskraft, deretter olje og no ny fornybar energi. Me er stadig fremst i verda på kompetanse i viktige moderne industriar og det er dette som sikrar velferda til folk flest. SV verken kan eller vil konkurrera på løn med land som gjer folk 11 kr. i timen. Me skal vinna med kunnskap.


Framtida: Frp lovar ofte å bruka meir oljepengar, men me skal ikkje gløyma at om det hadde vore opp til Frp ville me ikkje hatt pensjonsfondet/oljefondet. Dei har heile tida ynskt å privatisera og å hjelpa dei private eigarane til å ta ut meir pengar til eiga lomme, sånn at fellesskapet må ta rekninga. Dei ville senka oljeskatten på dei utanlandske verksemdene og med det dumpa lastebillass med millionar på plenen til utanlandske milliardærar. Om SV blir sterkare skal all privatisering av fellesskapet sine "setelpresser" stoggast og me lyt sjå på høve for at staten kjøper seg opp igjen i m.a. Statoil sånn at fleire milliardar kan brukast på å tilsetja lærarar og sjukepleiarar. Ynskjer du at dei store norske ressursane skal komma oss alle til gode og ikkje dei med mest frå før er det bare eit alternativ. Då lyte du stemma SV 14. september.

2 kommentarer:

  1. Vil bare si at staten har historisk vist seg som en ekstremt dårlig eier. De lar politikk styre foran fornuft, de er ekstremt grådige når det gjelder å ta utbytte, og man risikerer å sitte med et styre som skifter kurs hvert fjerde år. Se på SAS. Alle de andre nordiske landene har solgt seg ut av skipet som synker, men Norge nekter å innse fakta, og kommer til å tape penger så det suser. Det er ikke positivt at staten eier store selskaper. Det gir også urettferdige fordeler for disse selskapene, fordi staten sitter på begge sidene av bordet og setter premissene. Det betyr at de kan utkonkurere en hver private bedrift og sende de i konkurs. Statlige foretak kaster bort mye mer penger på prosjekter, de leier inn svinedyr kompetanse og de pumper penger inn i dødsdømte prosjekter, rett og slett fordi det ikke er deres penger. Det er fellesskapet sitt. SV snakker varmt om fellesskapet, men de er fordømt flinke til å hoppe bukk over fellesskapet når det skal avgjøres hvordan pengene skal brukes. Staten drives ikke av ønske om profitt på samme måte som en privat bedrift, derfor vil det alltid gå dårligere. Men dette merkes selvsagt ikke, fordi staten bare pumper mer av felleskapets penger inn i bedriften for å gi inntrykk av at det går så det griner.

    SvarSlett
  2. Husk at det er de private "milliardærene", eller millionærene osv som SV mobber ut av landet som har ALL æren for at SV og AP kan ansette over 50.000 nye i offentlig sektor i løpet av 4 år. Fortsetter dere slik, er det snart like mange ansatte i offentlig som privat sektor. Se på de faktiske utgiftene i offentlig sektor, se hvor mye de har steget i løpet av fire år. Dette overgår alle FRP sine løfter. Staten bruker usle 7 milliarder for og bedre infrastrukturen.

    Kapitalisme er kanskje i et perfekt system, men alt annet er utopi. Vi lever i en verden som vi er avhengig og kjøpe og selge varer og tjenester. Du snakker varmt og oljefondet som er tidenes største oppkjøp i PRIVATE bedrifter. Det er som og si at private bedrifter er bra, bare de er utenfor Norge!

    SvarSlett